Rekordstort oppmøte på Klangen før fela
Ånon Egeland fikk Egil Storbekkens musikkpris, som ble delt ut under Klangen før fela. Foto: Bent Åserud.
Og Ånon Egeland mottok Egil Storbekkens musikkpris.
Av Bernhard Folkestad
Foto Bent Åserud
Klangen før fela gjekk av stapelen helga 24.-26.oktober på Riksscenen i Oslo. Det er viktig at understreke at dette arrangementet vart fletta saman med utdelinga av Egil Storbekkens musikkpris.
Klangen før fela (KfF) vart gjennomført som eit samarbeid mellom Norsk Kvedarforum, Norsk Lur og Bukkehornlag, Norsk Langeleikforum, Norsk Munnharpeforum, Juoigiid Searvi og Riksscenen, med støtte fra Kulturrådet og Norsk senter for folkemusikk og folkedans.
Det var kurs i kveding, langeleik, munnharpe, seljefløyte, harpe, lur og bukkehorn, og instrumentmakarkurs for barn. Dessverre fall kurs i joik bort på grunn av sjukdom.
I tillegg var det konsertar og bidrag frå kurshaldarar og deltakarar. Det har aldri vore så mange kursdeltakarar på Klangen før fela – den nye rekorden er 85!
På fredag kveld leidde Bent Åserud ein konsert til minne om Stein Villa, ein av medskaparane av Klangen før fela, og kurshaldarane spelte – inspirerande for kursdeltakarane.
På laurdag føremiddag var det og instrumentmakartorg, der ei rekke av dyktige instrumentmakarar stilte ut og selde spanande, førsteklasses instrument av mange slag – med særs godt frammøte av interesserte kjøparar.
Denne dagen var det to barske økter med spelekurs, og deltakarane kjende virkninga i strupe, skalle og fingrar.
På mange måtar var høgdepunktet på laurdag den store konserten som munna ut i tildelinga av Egil Storbekkens musikkpris. Vi fekk høyre folkemusikarar i glitrande solo og godt samspel, på imponerande høgt nivå, med store samspel-glede.
Karl Seglem presenterte årets vinnar, den 20. i rekka, av Egil Storbekkens musikkpris, Ånon Egeland. Ånon har gjennom mest heile livet lagt ned eit utruleg omfattande arbeid med innsamling, dokumentasjon og rekonstruksjon (gjenskaping) av musikktradisjonar, deltaking av ei grøde med innspelingar av fantastisk musikk, og generelt altetande musikar. Munnharpefolket vil kanskje framheve og fokusere på Ånons sitt omfattande og solide arbeid for munnharpetradisjonane våre. Ånon kvitterte for dei fortente godorda med glitrande spel på seljefløyte og munnharpe.
Munnharpeforumet hadde 21 deltakarar på kurs, og fekk 12 nye medlemer. Det har mykje å seie for interessa kva vi får til av arrangement, kurs, og medlemsblad. Ein deltakar meinte mellom anna at det var fint med felleskapen og den større konteksten det gav å vere saman med dei andre laga på Klangen før fela.