Året der Norsk munnharpeforum fikk 35 nye medlemmer
Leder Kyrre Matias Goksøyr i Norsk munnharpeforum oppsummerer det som har vært et fantastisk munnharpeår med mye aktivitet og mange nye medlemmer.
– 2025 nærmar seg slutten, og det har vore litt av eit år, skriver leder Kyrre Matias Goksøyr.
Av Kyrre Matias Goksøyr
NMF markerer eit år med Munnharpa på nett, og teiknar til å bikke 2000 unike vitjarar. Artiklar har vorte lest mange gongar, også langt utanfor Noreg.
Vi har vore aktive og gjennomført mykje:
Kurs og dans på Folkemusikkpøbb i Oslo
Musikkhelga på Gjøvik i mai
Kurs i Oslo, Sørumsand og på Natur og ungdoms sommerleir på Utøya
Munnharpefestival ved Romsdalsmuseet i Molde, ein rekord i breiddegrad og med svært godt oppmøte
Klangen før fela, der NMF med god margin hadde flest kursdeltakarar
Instruktørene Kyrre Matias Goksøyr, Jim Erik Hoem Johansen og Bernhard Folkestad under Klangen før fela på Riksscenen.
Aktiviteten ser ut til å ha blitt lagt merke til, Norsk munnharpeforum har i 2025 fått 35 nye medlemmer!
I bakgrunnen har vi også sett fart på arbeidet med oppfølgar til plateutgjevinga Fille-Vern. Vi har entusiastisk applaudert oppstarten av Trondheim munnharpeforum, som arrangerer kurs i januar 2026.
Norsk munnharpeforum vart i 2025 tatt opp som faglag i FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans.
Neste år ser vi fram mot at munnharpefestivalen vender tilbake dit det starta, med festival på Fagernes i samarbeid med Valdresmusea. Kanskje kan kursmunnharpene bli brukt endå meir i 2026?
Vi rettar ei takk til dei som har dukka opp på arrangementa og sender ei særleg helsing til dei som har bidratt til at det vart arrangement. Ta kontakt med oss om du har lyst til å få til noko der du bur. Det hadde ikkje blitt festival i Molde eller munnharpeforum i Trondheim, hadde det ikkje vore for lokale krefter. Om du ønsker at det skal hende noko, er du den rette til å sette det i gang.
God jul!